Ei stor gruppe med skuleleiarar og lærarar er påmeld konferansen. Desse er viktige i drifta av dei vidaregåande skulane våre. Eit eventuelt smitteutbrot på konferansen vil kunne få store konsekvensar for drifta av skulane i fylket ein periode framover. Vi beklagar dette på det sterkaste, og håpar at Dei gode døma kan gjennomførast til hausten.
______
Fornying av fag og kompetansar kjem til å vere i fokus, med mellom anna felles førelesingar på kvifor fagfornyinga kjem med full kraft no til hausten. Vi får eit internasjonalt perspektiv på korleis endringar i samfunnet har konsekvensar for skulen i framtida, og oppfølging i høve til kva nasjonale konsekvensar denne utviklinga har.
Dei parallelle sesjonane består i hovudsak av skulane i Vestland sine døme på korleis «nye» kompetansar kan takast i bruk i læringsarbeidet, slik at elevane og lærlingane får med seg naudsynt kompetanse og ferdigheiter på vegen vidare.
* nye læremiddel og kompetansar * omsorgsteknologi * e-sport * Escape-room * Makerspace * AR/VR-teknologi * spill * AI og robotisering * programmering * folkehelse og livsmeistring * demokrati og medborgarskap * grøn innovasjon og berekraftig utvikling * kjeldekritikk og fakenews * skuleleiing * profesjonsutvikling